Oppskriften kommer i papirformat.
Dette sjalet har Elisabeth laga slik at uansett kor mykje garn du har så har du nok. Det er perfekt til å bruke opp ein einslig garnskatt med 100 gram handfarga garn, eller du bruker opp nokre restar du ikkje veit kva du skulle bruke til.
Du startar bak i nakken. På sidene har du ein liten icord på 2 m, 1 glattstrikka maske og eit kast som du aukar i. I-cord kanten på sidene er strikka 2 gonger for at kanten skal verte elastisk.
I midten er eit fint strukturmønter som er enkelt å strikke både på retta og vranga.
Tanken er at dette skal vere eit enkelt lite veskestrikk/sosialstrikk der du slepp å tenke så mykje. Mønsteret lærer du deg raskt.
Garn: 100 gr Tynt sokkegarn, glittersokk eller silkestrømpe
Du kan også strikke det stort med både 200 og 300 gr garn. Eller noe restegarn
Pinne: 4 mm ish
Strikkefasthet: 18 m pr 10 cm ferdig blokka